Aktivitetsklubben Lyspunkt er for gutar og jenter frå 1. klasse og oppover, med eiga gruppe for dei over 10 år. Det er NLM som står for tiltaket, og det er samlingar annakvar mandag i oddetalsveker gjennom vinterhalvåret. Tidspunkt frå 17:30 - 19:00 for dei yngste, og 18:30 - 20:00 for dei eldste. Her jobbar borna med forskjellige hobbyaktivitetar, og det vert halden andakt. Enkelte gonger er det kveldar med basar eller kosekveld. Lyspunkt held til i kjellaren på kapellet i Saudasjøen, og aktivitetane er utvida med forskjellige spel som bl.a. airhockey, bordtennis og brettspel. Kontakt  Ågot F. Grindheim tlf: 90 54 64 34

Design by InBusiness | Powered by i-tools.no